mandag 30. mars 2009

Det er utruleg..

...korleis ei stemme kan redde dagen!

No sitte eg her og vrir meg i angst og stress som kvardagen so fint byr meg...
Det har plutseleg gått opp for meg at det berre er litt over 1 månad til eksamenstida begynner, likevel sit eg her og bloggar...
Eg har ikkje blogga sida november, men no, når skulearbeid begynner å hope seg opp, set eg meg ned for å blogge. Ekje det typisk...

I det siste har eg vore litt opp og ned til sinns... Eg er overlykkelig over at våren har komt til Bergen, og nyter sola og fineveret. Men so kjeme eg heim fra ein slitsom eller kjedelig skuledag og ser nyhetene, og kjenner det veltar seg inni meg!! Eg blir rett og slett dårleg av å høyre om alt so skjer i verden for tida. Folk blir skutt og drept på skular og på sjukeheimar...Her i Norge blir folk rana og drept i sine eigne hus! So mykje tragedie...
Kva skjer med verda? Eg vil av!

No sitte eg her og tenker på skule, jobb, eksamena og lengtar etter ferie, men høyrer på melodiar som varmar! Har kjøpt ein CD av Helene Bøksle, og makan til hjertevarmande vårmusikk skal ein leite lenge etter! Kjenner eg blir lettare til sinns berre eg ser på CD-coveret faktisk! Ei deilig stemme og vakre fioloinistiske melodiar. =) Anbefalast!