søndag 2. desember 2007

Ankomst Noreg



På fredag kveld for litt over ei veke sida landa eg på Torp flyplass i Sandefjord. Då hadde me sotte på fly fra Kenya i tilsaman..... mange mange tima. Det var veldi rart og veldi godt å komme tilbake til Norge,sjølv om det var kaldt.
Me var på skuletur til Kenya i nesten 3 veker. Me var innom Pumwani-slummen i Nairobi. Det var ein ubeskrivelig ekkel følelse å måtte gå der gjennom gatene til folket som budde der og berre sjå på dei og korleis dei levde som om dei var på utstilling. Eg følte meg skikkelig råtten,men heldigvis var det ikkje berre slik; Me stoppa opp eit par plassa der det var mange ungar,me snakka til dei og tok bilder av dei, noke dei satte veldig stor pris på.Ansikta deira lyste opp med ein gang dei såg kameraet. Plutselig var det ein gutt so stod attmed meg og holdt meg i hånda og fleire ungar fulgte etter oss eit stykke - trur dei syntes det var like stas å møte oss. Må seiast: Afrika er fullt av herlige ungar!
Me var på ein barneheim i Nairobi også. So utruli mange flotte unga! Og heilt utruli kor livsglade dei kan vere med tanke på alt det grusomme dei har vore igjennom!På barneheimen fekk alle kvar sin unge å sjå etter - det va veldi koselig. Dei sang for oss og viste oss romma deira og me leika massse me dei. Utruli artig!


I tillegg til å besøke mange skular o.l. fekk me oppleve sinnsjukt masse i Kenya.
Eg var so heldig at eg fekk nyte ikkje berre eitt,men mange heerlige giraffkyss! Ein særs spesiell opplevelse...anbefalast!
Me sov i telt rett attmed eit vatn der mange flodhesta og krokodille holdt til - flodhestane kom opp om natta og beita rett utfor teltet vårt! Dei e kjempesvære og skumle! me blei til og med advart om å gå ut av teltet om natta,da me ville risikere liv og helse...
Me var selvfølgelig på safari også! (eller "game-drive" so de heite på fint)
Da såg me masse spennande dyr; Elefantar,giraffar,sebra,dikdik,gaseller,men ingen løve..



Kenya va berre heilt fantastisk,på fleire måtar. Eg har fått mange inntrykk,spesielt kjeme eg nok til å savne gjestfriheten til folka der. Konstant møtte me folk som ropte "Jambo! How are you?" Mykje varmare forhold mellom menneska der enn de e her i Norge.
Detta blei eit langt innlegg,men de e vanskeli å korte ned ein so opplevelsesrik tur.

Take Care - Hakuna Matata!

tirsdag 30. oktober 2007

Halloen igjen!

Siden eg ha vore veldi slapp med oppdateringa,tenkte eg eg kunne legge ut litt bilete fra vekene so ha gått.
Her får dokke litt innblikk i korleis min verden går føre seg på Fredtun:






























Bilda e litt rotete,men amatør so Monica e, fekk ho ikkje ordna det....
Jaja - no bære de avgårde til Afrika for min del!
Skulen har ein trevekers tur til Kenya, so gryyyyytidlig søndagsmorgon køyre musikk og teater klassen til Torp flyplass der me fyke til Amsterdam - Nairobi.
Eg e veldi spent! Me skal bl.a. besøke slummen og barnehjem i Nairobi, på safari (yay!) og til kysten(Mombasa) og berre slappe av! Gleda meg veldi!

Peace and love!

onsdag 26. september 2007

Monica ha blitt bloggar!




Jamen såg du rett! Ingen nyhet at eg henge etter i trenden, so no endeli ha eg begynt so smått å blogge. Det gjenstår enda å sjå kor flink eg e med oppdateringa....



For tida held eg meg i Stavern,nærmare bestemt Rom T1 på Fredtun Folkehøgskule.

Her går eg musikk og de e jamen spennande,ska eg sei deg! Her går de i synging,speling på instrument,dirigering,samspel,rytmikk og masse gøy!!! Idag fekk me faktisk sjokoladekake av læraren. (mmmmmm)



Litt meir om plassen: Fredtun ligge flott til,med kort avstand til Minnehallen, Stavern City, Tangaroa for dei som kjenne til den og ikkje minst masse fine svaberg og bølger langs kyststien!(for ikkje å gløyme det flotte huset til Odd Nerdrum! turte ikkje gå so nærme det...)


Her ha eg vore i ca 1 måned og har rukke å blitt kjent med dei fleste elevane - de e so mange flotte persona her! Finst alltid noke å finne på her. Enten e de tur langs kyststien,shopping i Larvik,idrett elle ligretto, ogso e de temakvelda kver fredag. hittil ha me hatt sokalla "dragparty" og fjortiskveld.



Men no bere de mot slutten av det første innlegget mitt. No fer eg til Oslo for å tilbringe høstferien min der - du las rett: Tenk; folkehøgskula ha òg høstferie...

--Take Care--