tirsdag 6. juli 2010

Sumarkjensle

No har eg gjort noko eg ikkje har gjort på mange år! Faktisk har eg ikkje gjort det sida eg va liten jentunge. Eg har ete rabarbra dyppa i sukker. =)




Med ein gong eg kjende igjen smaken var eg 13 år tilbake i tid og naut varme sommardagar i hagen til Besta. Og når me ikkje var i hagen, gjekk me gjennom frodige skogen for å kome oss ned til Hafslovatnet og bade, ro i båt eller fange småfisk. Eg saknar den tida. Men Hafslo er framleis ei like vakker bygd. Detta biletet blei tatt ein sommarkveld for to år sidan.
Eg vil attende.

søndag 13. juni 2010

De små gleder

Eg elska denna filmen so høgt!!!
Amèlie Poulain gjer meg varm om hjartet. ♥

Eg og hang morellene på øyra mine når eg va lita :)

Filmen: Le Fabuleux Destin d'Amèlie Poulain
Musikken: Yann Tiersen

tirsdag 4. mai 2010

My latest addiction

Gleda meg til juli!!!!! =D

mandag 12. april 2010

Lykke

Hva lykke er?

Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær
Klø sine ferske myggstikk
med doven ettertenksomhet
og vere ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.

Å få et florlett spindelvev
som kjærtegn over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Kan hende vente på et brev.
Be prestekragene om råd
og kanskje ja - og kanskje nei -
han elsker - elsker ikke meg

men ennå ikke kjenne deg.

(Inger Hagerup)


Trur dette er eit av mine favorittdikt! So idyllisk, so barndomsfullt og nostalgisk. ♥
No er våren komt og eg er lykkelig! Idag har eg gått tur og plukka "gåseunga", lytta til fuglesang, og sett ein fin og gul sommarfugl flagre i solskinn!

Kva er lykke for deg?

tirsdag 16. februar 2010

Eureka!

Eg har funne den perfekte oppskrifta på ein god arbeidsdag.
Det gjekk opp for meg i dag på jobb. . .
Sjølv om timane kan gå seint innimellom, gjer det absolutt ingenting so lenge ein har ein fin sang på hjernen! Derfor har dagen min vore ganske so fin!

Og kva er vel ikkje meir velfortjent enn å sette på denna sangen og synge for full hals når du kjeme heim? :)

Eg for min del har gått rundt og sunge om alvejenta Isimo i heile dag. =)